torsdag 2. desember 2010

Skjåk-Ringebu

Elisabeth igjennom
Skjåk-Ringebu (11-9) 28-21
Skjåk2-Ringebu (11-10) 23-18

Det tok 5 minutter før fyrste mål kom i fyrste kampen. Elin redda 2 straffer frå Ringebu i denne perioden.  Etter det fulgte Skjåk og Ringebu kvarandre tett ut omgangen. Men Skjåk spilte godt på slutten av omgangen og gjekk til pause med 2 måls leiing. Elin sto ein god kamp i målet.
Skjåk fekk problemer i 2.omgang med Ringebu sin høgrebekk og lina. Etter at laget la merke på bekken, greidde Skjåk å få fleire snappar og scora på rush.

Kristin
Skjåk2 spilte jamnt med Ringebu i fyrste omgang, og mykje av det har Elin skulden for. Ho sto meget bra i mål. Ringebu var gode til å sone bort vingane våre, slik at vi ikkje fekk den starten på trekka som vi trengte. Skjåk2 fekk også problemer med ein meget god høgrebekk og linespiller på Ringebulaget. Det største problemet for Skjåklaget, var likevel at alt for mange skot gjekk høgt i mål.
Andre omgang holdt fram som fyrste, men etterkvart fekk vi nokre rush og dro i frå. På slutten hugsar nok alle at trekket som vi kallar "svensken" satt som berre det.
Takk til Per for fine bilder!
Scoringar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar