onsdag 22. desember 2010

Treningstider

Treninger Tysdagar kl.17:30-19:00 og Torsdagar kl.19:30-21:00.
Fyrste trening 2011: Tysdag 4.januar kl.17:30-19:00
Kampdagboka vår ligg som lenke til høgre.

søndag 19. desember 2010

Bilder frå Skjåk-Heidalskampane

Per tok fine bilder frå kampane. Her er 13 nye bilder.

lørdag 18. desember 2010

Skjåk - Heidal

Elisabeth sperra ned forsvaret, og Kristin spilte Anette.
Skjåk - Heidal: (17-9) 30-21
Skjåk 2 - Heidal: (19-10) 37-17

Skjåk kom godt i gang og leda frå fyrste stund. Vi var føre med 8 mål til pause. Utover i kampen fekk laget stadig større problemer med ein god Heidalskeeper. Ho hoppa mot skotet og redda stadig. Dei spelarane som greidde å sette ballen høgt i mål eller skaut i golvet under keeperen lagde mål. Vi fekk sjå laget lagde fleire fine mål etter vingoverløping. Skjåk spilte godt i forsvar, og Kristin og Tea plukka opp mange ballar som Tea eller andre rusha i mål.

Sigri løper inn bak offensivt forsvar og scorer.
Skjåk 2 kom ikkje så godt i gang. Heidal leda 3-2 etter 8 minutter. Heidal gjekk ut og sona vekk både Ingvild og Nina. Da var det godt at Janne, Hanna og Sigri lagde mål. Heidal sitt offensive forsvar var lenge eit stort problem, inntil Tea kom inn og løp forbi dei. Dette ga også store rom for Tina, Mari og Sigri på ving og line.

Takk til Tom Karlsen og Jan Erik Furulund for ein fin kampleiing.

Målscorarar og samanlagt målscoringar denne sesongen.

lørdag 11. desember 2010

Norge-Ungarn 34-13

Det var eit forrykande show. Oppvisningshandball i Håkons hall på Lillehammer 10.desember. Fart frå start og Ungarn var løpt i senk etter 15 minuttar. Vi stilte med flagg og jubel og målte jenter.
Sjå fleire bilder.

mandag 6. desember 2010

Skyt låge skot!

Mange liker å plassere ballen heilt oppe i hjørnet. Det ser bra ut, men få tenker over scorings-sjansen med høge skot.
Eit høgt skot kan:
- sitte innafor målramma = scoringsmulegheit
- gå over målet = ingen scoringsmulegheit
- gå utenfor målet = ingen scoringsmulegheit.
Eit lågt skot kan:
- gå direkte i mål lågt = scoringsmulegheit
- treffe golvet og stusse i mål = scoringsmulegheit
- gå utanfor mål = ingen scoringsmulrgheit

Så med låge skot får du dobbel så stor scoringssjanse som med høge skot.

torsdag 2. desember 2010

Skjåk-Ringebu

Elisabeth igjennom
Skjåk-Ringebu (11-9) 28-21
Skjåk2-Ringebu (11-10) 23-18

Det tok 5 minutter før fyrste mål kom i fyrste kampen. Elin redda 2 straffer frå Ringebu i denne perioden.  Etter det fulgte Skjåk og Ringebu kvarandre tett ut omgangen. Men Skjåk spilte godt på slutten av omgangen og gjekk til pause med 2 måls leiing. Elin sto ein god kamp i målet.
Skjåk fekk problemer i 2.omgang med Ringebu sin høgrebekk og lina. Etter at laget la merke på bekken, greidde Skjåk å få fleire snappar og scora på rush.

Kristin
Skjåk2 spilte jamnt med Ringebu i fyrste omgang, og mykje av det har Elin skulden for. Ho sto meget bra i mål. Ringebu var gode til å sone bort vingane våre, slik at vi ikkje fekk den starten på trekka som vi trengte. Skjåk2 fekk også problemer med ein meget god høgrebekk og linespiller på Ringebulaget. Det største problemet for Skjåklaget, var likevel at alt for mange skot gjekk høgt i mål.
Andre omgang holdt fram som fyrste, men etterkvart fekk vi nokre rush og dro i frå. På slutten hugsar nok alle at trekket som vi kallar "svensken" satt som berre det.
Takk til Per for fine bilder!
Scoringar.