fredag 19. november 2010

Kamper på lørdag 20.november

Tea og Sigrun blokkerer eit skot frå Gausdal.
For nokre år sia, tapte Skjåk med 15 mål mot Gausdal. No idag var det heilt andre resultater. Sjølv om det ble tap, spilte lagene våre jamnt med serieleiaren Gausdal i store perioder av kampane, etter god innsats i forsvar og mange fine trekk i angrep.

Skjåk2 - Gausdal: 22-27 (12-11)
Skjåk - Gausdal: 25-32 (13-18)

Skjåk 2 fekk ein dårleg peiode i 2. omgang og kom etter Gausdal med 5 mål. I fyrste omgang var det Skjåk2 som førte kampen.
Skjåk fekk sin dårlege periode i slutten av fyrste omgang, men elles spilte jentene jamnt med Gausdal.

Gausdal ble ført fram av sine to bekkar, som lagde store problem for Skjåklaga. Det var langskot og gode innspel til linja som ga Gausdal mange mål.

Det er ein glede å sjå at spelarane rosar dommarane, Morten Aarhus og Tom Karlsen, etter kampen for god dømming. Dei fortener det.
Scoringar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar